Endra søknadsfrist for Regionalt miljøprogram

Idyll på Mefjellet - Klikk for stort bileteIdyll på Mefjellet Søknadsfristen for Regionalt miljøprogram er endra til 20.09 2015, fristen for produksjonstilskot er som før 20. august. Søknaden skal leverast elektroniskt via Altinn. Treng du hjelp med søknaden ta kontakt med næringsavdelinga.

Fylkesmannen har utsett fristen for å søke regionale miljøtilskot. Ny frist er 20. september 2015.

 

Årsaka til utsettinga at informasjon om miljøtilskota ikkje har kome ut til søkjarane tidlegare i sommar.

Les meir på Fylkesmannen i Møre og omsdal sine nettsider

 

 

Produksjonstilskot

• Søknad om produksjonstilskot kan du levere frå og med 31. juli 2015 (registreringsdatoen)
• Produksjonstilskot er ei fellesnemning for ei rekkje tilskotsordningar som føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søkje på.

 

Ny forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot blei sett i kraft 01.01.2015

 

Nytt frå jordbruksoppgjeret:
Endringar i satsar og intervall
Tilskto til lammeslakt blir lagt om frå eit produksjonstilskot til å bli utbetalt ved slakteoppgjeret
Husdyrtilskot til unghest er avvikla
Innmarksbeitetilskot - ikkje lenger krav om permanent gjerde mot utmark
Ny tilskotsordning for bevaringsverdige husdyrrasar frå søknadsåret 2016

 

Særregelverket for samdrifter er avvikla
01.01.2015 vart særreglane for samdrifter avvikla, både kvoteforskrifta, produksjonstilskotsforskrifta, jordbruksavtalen og anna relevant regelverk. Dette vart bestemt i jordbruksoppgjeret 2014. Det betyr blant anna at ved søknad om areal- og kulturlandskapstilskot må ein del samdrifter og samdriftsmedlemmar søkje på ein anna måte enn tidlegare. Tidlegare kunne samdriftsmedlemmane søkje areal- og kulturlandskapstilskot for det grovforarealet som vart disponert av samdriftsdeltakarane sine føretak og som vart beita av samdriftsføretaket sine dyr. Denne særregelen er no fjerna.Det betyr at samdrifta sjølv må disponere og søkje tilskot for det arealet som blir beita av samdrifta sine dyr. Dersom samdriftsdeltakarar sjølv søkjer for arealet, utan å samtidig disponere dyra som beiter på arealet, vil det ikkje bli gitt tilskot for arealet.

 


Søknadsomgangen i august omfattar desse tilskotsordningane:
-- Arealtilskot
-- Kulturlandskapstilskot
-- Tilskot til dyr på beite (beitetilskot)
-- Tilskot til dyr på utmarksbeite
    (utmarksbeitetilskot)
-- Omleggingstilskot til økologisk
    landbruk
-- Arealtilskot til økologisk landbruk
-- Tilskot til husdyr
-- Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
-- Driftstilskot til mjølkeproduksjon
-- Driftstilskot til spesialisert kjøttfeproduksjon

 

Les meir på Landbruksdirektoratet sin nettsider

 

Regionalt miljøprogram

Miljøprogrammet for Møre og Romsdal er oppdatert for 2015

 

Endringar

  • Alle fellesreglar i forskrifta er harmoniserte med forskrift om produksjonstilskot.
  • Forskrift om miljøplan er oppheva, men miljøkrava er vidareførte som grunnvilkår i den nye forskrifta. Dette inneber at kravet om å ha miljøplan for å få miljøtilskot fell bort. I staden må søkjaren krysse av for gjødslingsplan og sprøytejournal, når det er aktuelt for dei tilskota føretaket søkjer på.
  • Skjøtsel av kystlynghei er gjort om til eit arealtilskot, som kan gjevast dersom føretaket har inngått skjøtselsavtale med Fylkesmannen, Miljøvernavdelinga
  • Tilskot til utsett jordarbeiding av kornareal og eittårig raigras er utsett i påvente av at erosjonsrisikoen langs vassdrag skal bli vurdert, slik at tiltaket kan bli meir målretta mot å førebyggje erosjon eller redusere faren for erosjon i mest utsette område.
  •  

Les meir på Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine nettsider

 

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 06
Tittel :
Saksbehandlar
Bunnhjørne