Er du interessert i sykkel? Er du oppteken av folkehelse?

Stisykling (LoveStorm Photography/Valldal Summer Games) - Klikk for stort bilete

 Driv du med sykkelsport? Har du ein draum om å etablere noko innan sykkel? Jobbar du i ei sportsforretning? Er du med i eit idrettslag eller bygdelag som satsar eller kan tenkje seg å satse på noko innan sykkel?

 

Har du lyst til å delta i eit nettverk for sykkelsatsing i Storfjord-området?

(Foto: LoveStorm Photography/Valldal Summer Games)

Hoppid.no kontora i Norddal, Stordal, Sykkylven og på Stranda har fått fylkeskommunale prosjektmidlar til å mobilisere satsing på sykkelturisme her på indre. Prosjektet går ut på å etablere eit nettverk av interesserte aktørar som saman skal finne aktuelle satsingsområde og tiltak for å auke sykkelturismen i området. For at prosjektet skal lukkast er vi avhengige av innspel og engasjerte aktørar, og vi vil med dette invitere alle interesserte til å delta i nettverket. Det krev ingen forpliktingar eller medlemsavgift, kun bruk av eiga tid.

Vi vil gjerne ha deg med på laget! Vidaresend gjerne denne til andre du veit som kan vere interessert.

 

Påmelding innan 15. august til post@fjordhagen.com eller tlf 48 99 54 60.

Vi vonar å høyre frå deg og ynskjer samtidig ein god sommarJ

Sist endra 08.07.2016