Nye sals- og skjenkeløyver frå 01.07.2012

I medhald av Alkoholloven §1-6, opphøyrer alle kommunalt tildelte sals- og skjenkeløyver den 30.06.2012. Frist for å søkje om nye løyver for perioden 2012 - 2016, vert sett til 10.03.2012. Søknad skal sendast elektronisk, søknadsskjema finn du her.

Publisert av Magnhild Grønningsæter. Sist endra 06.02.2012

Søknad om nytt løyve/fornying av løyve, skal sendast elektronisk. Manuelle søknadsskjema er ikkje lenger i bruk. Om opplasting av vedlegg ikkje lukkast, kan desse sendast separat til Norddal kommune v/servicetorget, postboks 144 6211 Valldal.

Ein bør merke seg følgjande:

- For kvart løyve skal det vere ein styrar og ein stedfortredar som skal godkjennast av dei som tildeler løyvet.

- Styrar og stedfortredar må vere tilsett på sals- eller skjenkestaden.

- Styrar og stedfortredar må vere over 20 år, og ha dokumentert kunnskap om alkoholloven. Om kunnskapsprøve ikkje er avlagt, kan det gjerast avtale med servicetorget slik at dette kan gjerast.

- Det blir innhenta bevis på plettfri vandel for styrar og stedfortredar.

Endeleg avgjerd/tildelingar blir fatta av kommunestyret.

Internkontroll:

Løyvehavar skal føre internkontroll knytt til løyva ein innehar, jfr. forskrift til alkoholloven, kap. 8. Internkontrollen skal dokumenterast i den form og omfang som er nødvendig, og skal vere oppdatert og gjerast tilgjengeleg for dei som fører tilsyn med løyva. Kontrollselskapet som Norddal kommune har avtale med kan tilby kurs i internkontroll. Er eit slikt kurs av interesse, ver venleg å ta kontakt med magr@norddal.kommune.no. Ev. kurs vil foregå på kveldstid, omlag 2,5 time. Kostnader må løyvehavar dekke.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 05
Tittel :
Leiar
Bunnhjørne
Hovudside (2)