Salsløyve alkohol

Personar eller verksemder som ønskjer å selje og utlevere alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Det blir ikkje gitt løyve til bensinstasjon eller kiosk.

Salsløyve kan bli innvilga for sal og utlevering av drikk som inneheld over 2,5 - 4,7 volumprosent alkoholinnhald. Løyve blir innvilga av kommunestyret for fire år om gongen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda, nye drivarar kan nytte det tidlegare innvilga løyvet i inntil tre månader. Det er ein føresetnad at kommunen blir informert om dette, og at det blir søkt om nytt salsløyve seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar. Begge må ha stått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stiller.

Søknadsskjema finn du på kommunen sitt søknadssenter.

Lokale føresetnader er nedfelt i Alkoholpolitisk og førebyggande rusplan for Norddal kommune.

Gebyr er fastsett i Forskrift om omsestning av alkoholhaldig drikk, kap. 6.

Alkohollova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 05
Tittel :
Leiar
Bunnhjørne
Hovudside (2)