Serveringsløyve

Kommunen tildeler løyve til serveringsstader. Det må søkjast om serveringsløyve for å kunne drive serveringsstader der det skal serverast mat og/eller drikke. Når serveringsstaden blir overteken av andre, fell serveringløyvet bort dersom det ikkje blir søkt om løyve innan 30 dagar etter avtale om overdraging vart inngått.

Styrar for serveringsstaden må ha gjennomført etablerarprøven. Ta kontakt med servicetorget for gjennomføring av slik prøve.

Løyvesøkar, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.

For søknad om serveringsløyve, bruk søknadsskjemaet om serveringsløyve i kommunen sitt søknadssenter.

Servicetorget kan gje rettleiing i høve utfylling av søknad. Søknaden skal vere skriftleg og innehalde desse opplysningane: 

  1. Namn og adresse på den som skal drive serveringsstaden. Dersom det er ein juridisk person som skal drive serveringsstaden, skal det også opplysast om organisasjonsnummer og eigarsamansetjing 
  2. Opplysning om staden der serveringsstaden skal drivast 
  3. Namn og adresse på dagleg leiar
  4. Dokumentasjon av faglege kvalifikasjonar 
  5. Skatteattest for den som skal drive serveringsstaden

Når søknaden er motteken, skal det hentast inn fråsegn frå politiet. Kommunen kan også hente inn opplysningar frå skatte- og avgiftsmyndigheitene og frå andre offentlege myndigheiter. Deretter blir det gjort eit vedtak.

Serveringslova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 05
Tittel :
Leiar
Bunnhjørne
Hovudside (2)