Skjenkeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve. All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om stått kunnskapsprøve. Gebyr for behandling av søknad; kr 310,-.

  • Ambulerande skjenkjeløyve er ikkje knytta til ein bestemt person eller skjenkjestad og gjeld berre skjenking i slutta selskap. Løyve blir normalt ikkje kravd ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så lenge ein ikkje tar betalt for drikke.
  • Løyve for eit enkelt, bestemt høve gjeld berre for arrangement som for eksempel festivalar og dansetilstellingar. Løyvet gjeld anten alminneleg løyve eller løyve til slutta selskap.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

Alkohollova

Sist endra 07.01.2015

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 05
Tittel :
Leiar
Bunnhjørne
Hovudside (2)