Skjenkeløyve

Tildeling av skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk vert behandla av kommunestyret, og blir maksimalt gjeve for fire år om gongen.

Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda, ny drivar kan forsette på det tidlegare løyvet i inntil 3 månader. Det er ein føresetnad at det blir gitt orientering til kommunen om dette, og at det blir søkt om løyve snarast og innan 30 dagar etter overdraginga. Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol.

Søknad om skjenkeløyve kan gjelde for:

- alkoholhaldig drikk inntil 4,7 volumprosent alkohol

- alkoholhaldig drikk med inntil 22 volumprosent alkohol

- all alkoholhaldig drikk

Eksisterande skjenkeløyve er gjeldande til 30.juni året etter at nytt kommunestyre er valt. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda.

Skjenkeløyvet kan ikkje bli gitt ålene, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med stedfortredar som er knytta til serveringsstaden. Styrar og stedfortredar må begge ha gjennomført  kunnskapsprøven i alkohollova. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova og serveringslova.

Søknadsskjema på kommunen sitt elektroniske søknadssenter.

Norddal kommune har vedteke ein eigen Alkoholpolitisk og førebyggande rusplan

Satsar for årleg gebyr er nedfelt i Forskrift om alkoholhaldig drikk, kap.6.

Alkohollova

Sist endra 09.10.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 05
Tittel :
Leiar
Bunnhjørne
Hovudside (2)