Humørbonden kjem på besøk

Humørbonden - Klikk for stort bilete

Humørbonden Geir Styve kjem til Storfjord Kulturhus i Stranda mandag 21. september kl 20.00. Styve er oppteken av av å mobilisere bygdene og å skape betre bygder. Han ynskjer mellom anna å kverke bygdedyret.

Dette er eit samarbeid mellom Stranda, Sykkylven og Norddal kommune i rekrutteringsprosjektet “Med hjarte for levande bygder”. Dette blir ein kveld med gode historiar, inspirasjon og humør. Du finn meir informasjon på Humørbonden sine nettsider.
 

Påmelding til:  mandy.hager@sykkylven.kommune.no innan 17. september.

 

Arrangementet er ope for alle.

 

Næringssjefen i Norddal

 

 

 

 

 

 

Sist endra 15.09.2015