Kadaverhund

Hund 2 - Klikk for stort bilete

 I 2015 støtta fylkesmennene i Oppland, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark eit forsøk om «Effektiviteten i bruk av kadaversøk med hund», med midlar frå ordninga Forebyggende tiltak mot rovviltskader og konfliktdempende tiltak (FKT-midler). Forsøket blei utført av NIBIO, ved Inger Hansen, og hadde feltområde i desse fylka. I Møre og Romsdal hadde vi feltområde i Øvre Rauma. Resultata var oppløftande – en finn flere kadaver ved bruk av hund enn utan.

Då forsøket var avslutta i 2016 var det igjen ein rest av midlane. Vi ynskjer å auke kunnskap og kjennskap til kadaversøk ved bruk av hund ved en nasjonal konferanse med dette som tema. Tidligare har organisasjonen «Norske kadaverhunder» stilt med innlegg på konferanser med andre hovedtema, men nå ynsker vi å sette bruk av hund til kadaversøk i sentrum og belyse det fra ulike sider. Vi prøver å gjere programmet interessant både for beitenæringa og for brukshundmiljøet, som kanskje kan tilby tjenester til landbruket. Det store trekkplasteret er SWDI, Scandinavian working dog institute, som utdannar arbeidande hunder innen rovviltforvaltning, forsvaret, politiet og redningshundar i mange land.

 

Dette blir ein to-dagers konferanse i Stjørdal 12.-13.februar 2018. På dag 1 samlar vi tema rundt bruk av hunden. På dag 2 vil vi forsøke å diskutere korleis vi kan bruke kadaversøk i fylker, kommunar, beitelag og beiteområde

Arrangør er Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Påmelding