Kulturlandskapsprisen 2015

Vår i skogen - Klikk for stort bilete

 Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil også i år dele ut sin kulturlandskapspris. Prisen skal gå til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkar seg med miljøvennleg drift. Vi inviterer lag, organisasjonar, kommunar og einskildpersonar til å kome med forslag til prisvinnar før 1. august 2015

Skogsveg - Klikk for stort bilete

 Aktuelle kandidatar skal mellom anna vurderast etter desse kriteria:
• At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i landskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon.
• At drifta medverkar til ei positiv fokusering  på dei verdiane som landbruket representerer.      Kandidatane bidreg dermed til eit opnare landbruk i tillegg til eit ope landskap.
• At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden.
• At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og andre miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta.
• At drifta tek omsyn til miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylt på ein gong, men mottakar(ane)  av prisen må vere ein god ambassadør for bygde-Norge og for landbruket. Det er ein føresetnad at det er aktiv drift, og at miljøkrava i forskrift om produksjonstilskot i jordbruket er oppfylte. Det bør vere eit kvalitetssystem (KSL) på bruket som fyller minstekrava i plante- og husdyrproduksjonen.

Mottakarar av kulturlandskapsprisen har vore:
2003: Bodil og Tor Lie i Stranda kommune, fjordvendt fjellgard med geitemjølkproduksjon
2004: Fjørtoft og Harøy Bondelag, Uksnøya Villsaulag og Fjørtoft Beitelag i Haram kommune, gjenskaping av verdifullt kulturlandskap ved hjelp av utegangarsau.
2005: Dravlausstølen og Drotninghaugstølen i Sykkylven kommune, aktiv sæterdrift, økologisk drift, aktivt kulturlandskapsarbeid
2006: Reidun Bjorland Rødset og Lars Rødset i Sunndal kommune, mjølkeproduksjon, hus- og hytteutleige med basis i gamle bygningar på garden og setra.
2007: Ann Iren Rong Torheim og Anders Torheim i Fræna kommune. Mjølk- og kjøttproduksjon. Stort engasjement og innsats for ålmenta og lokalsamfunnet.
2008: Marit Kvam og Arnfinn Lislien i Rauma kommune, setring med foredling av mjølk til smør og rømme, drift av kulturlandskap i bratte områder som er viktig for landskapsbilete.
2009: Lingebygda v/Linge grunneigarlag
2010 Pål Svisdal for framifrå innsats med å ta vare på gammalt kulturlandskap med stort biologisk mangfald, gamle bygningar og byggeskikk, tradisjonell gardsdrift i Svisdalen og seterdrift på Gammelsetra i Grudalen.
2011: Aina og Olav Krakset på Hakallegarden i Vanylven fekk prisen for  arbeidet med å gjere bruket sitt om til ein opplevingsgard. 

2012 Kristen Stokkeland Vestnes  Sentrumsnært gardsbruk med stort husdyrhald. Driv også Feøya naturreservat.
2013 Annlaug og Per Devold Rauma kommune. Gammal slektsgard med mange gamle godt vedlikehaldne bygningar og velstelte areal. Matservering i det gamle eldhuset.
2014: Anne Grete Røymo og Roy Andersen. Driv med sau på Røymo øvst i Sunndal. Bruket ligg innafor det utvalde kulturlandskapet på Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal.  Investert i nytt sauefjøs.

Forslag må innehalde bilde frå bruket og ei kort grunngjeving av kandidaten.

Forslag sendast til :

 Fylkesmannen i Møre og Romsdal, landbruksavdelinga, Postboks 2520,  6404   Molde.

eller med epost til  ottar.longva@fylkesmannen.no   eller   byrge.fitje@fylkesmannen.no

Sist endra 15.04.2015