Avkøyring frå offentleg veg

Offentleg veg kan vere kommunal veg, fylkesveg, riksveg eller europaveg.
Gjeld søknaden avkøyring frå kommunal veg er det berre kommunen som sakshandsamar. For fylkesveg, riksveg og europaveg er det Statens vegvesen som gir løyve.

Avkøyring er alle tilknytingar mellom offentleg veg og privat eigedom. Avkøyringa må halde seg til arealdel eller reguleringsplan i kommunen og gjeldande retningslinjer. Er området ikkje regulert eller det ikkje er planar for avkøyring i planen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.

Etablering av avkøyring er søknadspliktig etter plan- og bygningslova §20-1, og slik søknad skal innehalde følgjande:

•  Nabovarsel, og kvittering som skal følgje saka.
• Situasjonsplan (kartutsnitt) som viser plassering. Servicetorget kan skrive ut til deg dersom du treng det. Du kan eventuelt skrive ut kart frå Kartportalen sjølv.
• Vertikalsnitt av planlagd avkøyrsle

•Gjeld søknaden avkøyring frå fylkesveg, riksveg eller europaveg i uregulert område skal også Statens vegvesen sitt skjemaet Søknad om avkøyrsle/dispensasjon frå byggegrense langs offentleg veg fyllast ut

Søknad om ansvarsrett for ansvarleg føretak.

Veglova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 43
Tittel :
Avd. ingeniør
Bunnhjørne