Avløysarordningane i landbruket

Storfjord Landbrukstenester tek seg av avløysarordninga i kommunen. Treng du hjelp til utfylling av søknaden, ta kontakt med dei eller næringsavdelinga.

Søknad om tilskot til avløysing skal ha følgjande vedlegg:
Sjukmelding
Kontoutdrag frå Storfjord Landbruksteneste
Dokumentasjon på næringsinntekt frå føretaket
Dagsats frå  NAV (på utbetalingsbrevet står satsen)
Har du arbeid utanom føretaket eller pensjon, må dette dokumenterast.

Skjema finn du på Statens Landbruksforvaltning sine heimesider.
Rettleiing finn du her.

Kontaktinformasjon Storfjord Landbrukstenester:
Lars Magnar Muribø, tlf. 70 25 78 00, epost: lars.muribo@n-lt.no

Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskot til avløysing ved mellom anna

  • ferieavvikling
  • sjukdom
  • svangerskap/fødsel/adopsjon
  • følgje av sjukt barn til behandling
  • dødsfall i nær familie

Tilskotet skal dekkje utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjering til avløysaren.

Avløysaren må vere minst 16 år, og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket. Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret og 

  • er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller
  • har hatt ei samla omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadene før registreringsdato.

Forskrift om tilskot til avløysing

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 06
Tittel :
Saksbehandlar
Bunnhjørne