Bygdeutviklingsmidlar (BU):

Formålet med BU-midlane er å legge til rette for næringsutvikling som dannar grunnlag for langsiktig, lønnsom verdiskaping og desentralisert busetnad med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseiendommen spesielt. Det skal òg leggast til rette for eit landbruk der kvinner og menn får like muligheiter.

Møre og Romsdal fylke forvaltar BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Midlane skal nyttast til å fremje lønsam næringsutvikling på bygdene innan og i tilknytning til landbruket. Tiltak for og med ungdom og kvinner er viktige i denne samahengen.

Innovasjon Norge forvaltar den bedriftsretta delen av BU-midlane i samråd med Møre og Romsdal fylke.

Alle BU-søknader skal sendast via Norddal kommune si næringsavdeling, som så sender saka vidare med ein uttale. Kommunen skal veilede og følgje opp tiltak som får støtte.

For meir informasjon om BU-midlar kontakt med næringssjef Toralv Klokkehaug, epost toralv.klokkehaug@norddal.kommune.no, tlf. 975 15 319, eller sjå linkene under.

BU-søknadane skal sendast til Norddal kommune, Pb. 144, 6211 Valldal

Sist endra 26.06.2015
Hovudside (1)