Driveplikt

Fotograf: Monika Høydal Lingaas
Beiting fotograf Monika Høydal Lingaas

Driveplikt gjeld alt jordbruksareal som dyrka mark og beiteareal på innmark. Driveplikta er personleg, men kan også oppfyllast ved bortleige av areal.

Publisert av Monika Høydal Lingaas. Sist endra 25.06.2013

Leigetida må vere skriftleg og på minst 10 år. Det er relativt få som har slike avtaler, og det har skjedd lite frå sentralt hald for at lova skal kunne oppfyllast. Lova har si forankring i at jordbruksareal er ein ressurs og skal drivast.

Der det er brattlendt og i utkanten av kommunen, finn ein dei største areala med jordbruksareal som ikkje er i drift lenger. Dette er spesielt uheldig med omsyn til kulturlandskapet. Mange av desse områda kan bli gode beiteareal for storfe, sau og geit med rydding og inngjerding. Kommunen kan gi tilskot til slike investeringar.

Mange har i dag berre årlege avtaler, men dette kan på sikt endrast dersom ein skal oppfylle lova sine krav. Årleg avtale er uheldig både for leigetakar og utleigar spesielt med tanke på nødvendige investeringar som gjødsling, grøfting, rydding og anna kultiveringsarbeid. Å legge mykje arbeid inn i kortvarige forhold er lite inspirerande.

Det er høve til å søkje fritak frå driveplikta både tidsavgrensa og som ei varig ordning. Moment som er viktige å vurdere i ein søknad er kor viktig det er å halde omsøkte areal i hevd, avkastningsevne, etterspørsel etter tilleggsjord i området og søkjaren sin livssituasjon.
Søknad skal sendast til kommunen.

Næringssjefen