Gjerdeplikt mot utmark

Ofte kan pålagde gjerdeplikter følast urimelege. Bruken av eigedomane har endra seg, og det er kanskje andre som har nytte av gjerdet i dag enn då gjerdepliktene vart bestemt. Løysinga er ikkje å slutte med gjerding, men å finne fram til ordningar som fungerer og verkar rimelege. Gjerdeplikt er ein privatsrettsleg sak som kommunen ikkje har heimel for å ta tak i.
Prinsippet i gjerdelova er at gjerdeplikten skal følgje den nytta ein har med gjerdet. Det er gjerdeplikt i eigedomsgrensar og mellom bruksområde (innmark/utmark). Gjerdeplikta er i utgangspunktet likt fordelt mellom naboane. Gjerdeplikta gjeld også om bruket er fråflytta eller gardsdrifta er lagt ned.

Opplysningar om kven som har gjerdeplikt finn ein i skylddelingsdokument, i fyrste skjøte, i tinglyste avtalar, skjønn eller i jordskiftesakar. Gjerdeplikta står ved lag til ho vert avløyst.

I praksis kan det vere vanskeleg å få grunneigarar til å oppfylle gjerdeplikta. Løysinga kan vere å etablere gjerdelag som har ansvar for gitte gjerdestrekningar eller beitelag som også tek på seg ansvar for gjerdehald. Ved konfliktar som ikkje lar seg løyse med samtale mellom partane anbefalar vi å krevje jordskifte.
Sist endra 15.11.2013

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne