Landbrukseigedom - deling

Ein eigedom som du nyttar eller kan nytte til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen. Dersom føremålet med delinga gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, må samtykke til omdisponering godkjennast først.

Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.

Ein skal da vurdere

  • om omsynet til vern av arealressursane blir ivareteke
  • om det er ei driftsmessig god løysing
  • om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området

Ein kan òg leggje vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet med jordlova. Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling om det er naudsynt av omsyn til busettinga i området.

For å søkje om deling av landbrukseigedom fyller du ut skjema "Rekvisisjon for oppmålingsforretning" som du finn her. Du må logge inn med brukarnamn og passord, og så kan du fylle ut skjemaet på skjerm eller skrive det ut. Ev. kan du kontakte Servicetorget og få det tilsendt.

Norddal Formannskap behandlar søknadar om deling etter jordlova.

Jordlova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne
Artikkel (1)