Pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon - erstatning

Erstatningsordninga skal sikre at landbruksføretak ikkje lir tap fordi dei får pålegg frå det offentlege som eit ledd i å oppnå trygg mat og miljøvennleg produksjon. Du kan få erstatning for

  • produksjonstap av plantar og husdyr
  • saneringstiltak
  • tap i ein pålagt opphaldsperiode
  • produksjonstap ved flytterestriksjonar på bier
  • nedfôringskostnader osb. på grunn av radioaktivitet

Kriterium:

  • Verksemda skal ikkje ha valda tapet forsettleg eller grovt uaktsamt
  • Verksemda har oppfylt varslingsplikta
  • Verksemda har gjennomført pålagte tiltak
  • Tapet ikkje kan dekkjast gjennom ei allmenn forsikringsordning eller på annan måte

Vedlegg: 

  • Kopi av offentleg pålegg eller restriksjon
  • Stadfesting på at heile eller delar av pålegget eller restriksjonen er gjennomført
  • Dokumentasjon over tap
  • Anna nødvendig dokumentasjon

Det er Fylkesmannen som tek avgjerder i slike saker. Det må søkjast seks månader etter at pålagte eller frivillige tiltak er gjennomførte.

Forskrift om erstatning i plante- og husdyrproduksjon

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne