Produksjonstilskot i landbruket

Formålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig landbruk. Produksjonstilskottet omfattar ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, husdyrhald og grønt- og potetproduksjon etter satsar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

Produksjonstilskott kan gjevast til føretak som er

  • registrert i Enhetsregisteret i Brønnøysund innen søknadsfristen (dvs. ha organisasjonsnummer)
  • driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseiendommar

 

Føretak som berre søkjer tilskot til birøkt, er unnateke frå kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold.

Meir informasjon, rettleiing og forskrifter finn ein på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Sist endra 29.07.2015