Skogfond

Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din.

Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift. Skogfondsmidlar kan brukast til

  • all form for skogkultur
  • underskott ved tynningsdrift
  • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • vegvedlikehald av skogsbilvegar
  • meirverdiavgift
  • skogbruksplan
  • skogforsikring
  • grensearbeid i utmark
  • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
  • miljøtiltak
  • bioenergitiltak

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn, men du må sende krav om utbetaling av skogfondsmidlar til kommunen seinast eitt år frå utgangen av det kalenderåret du gjorde investeringa.

Skogbrukslova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne
Teneste (1)
Artikkel (1)