Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Kommunen løyver tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er er å fremje natur- og kulturminneverdier i kulturlandskapet samt redusere ureining frå jordbruket, utanom det ein kan vente gjennom vanleg landbruksdrift.

Det er utarbeidd eigne vedtekter (PDF, 96 kB). Søkjarar som er pålagde å ha miljøplan, skal leggje ved miljøplan trinn 2. Det kan stillast vilkår til tiltaket.

 

Skjema frå Statens landbruksforvaltning skal nyttast.

 

Kommunen avgjer søknaden om tilskot og prioriterer søknader som ligg innafor tiltaksstrategien til kommunen. Har du fått innvilga tilskot, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskot på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Sist endra 24.06.2014