Utvida bandtvang i Norddal kommune

Hund i band - Klikk for stort bilete

Utvida bandtvang frå 1. april til 15. oktober.

Publisert av Monika Høydal. Sist endra 04.05.2017

Føresegn om bandtvang for hund i Norddal kommune
Vedteken av Norddal komunestyre 03.06.1998 med heimel i lov om ansvar for skade på bufe ved hund m.v. av 9. juli 1926 nr.4 32. ledd. Stadfesta av landbruksdepartementet 16.09.1998.

1. Eigar eller innehavar av hund i Norddal kommune pliktar å halde hunden i band, forsvarleg innestengt eller inngjerda frå og med 1. april til 15. oktober.

2. Denne føresegna gjeld ikkje:
a) jakthund under lovleg jakt og trening
b) dressert gjetarhund som vert brukt til å passe bufe, og trening av gjetarhund
c) politi-, rednings- eller ettersøkshund under opplæring eller i teneste
d) hundar som deltek i konkurranseretta opplæring og trening

Trening av hund må vere godkjent av grunneigar.

3. Brot på denne føresegna er straffbart.

4. Denne føresegna gjeld frå 03.06.1998

Norddal kommune

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne
Artikkel (1)