Næring

Geiter - Klikk for stort bilete

Næringsavdelinga forvaltar den kommunale og statlege næringspolitikken. Ein legg til rette for og arbeide med næringsutvikling i vid tydning, og vere eit kompetanse- og rådgivningsorgan for alle næringar.

Leiar er Toralv Klokkehaug, tlf. 975 15 319,
e-post: toralv.klokkehaug@norddal.kommune.no

Publisert 25.09.2018
Beiting i sommarsol

Søknadsfrist for del 2 av søknaden er 15.oktober, med telledato 1.oktober. Ved del 2 kan både husdyr- og planteprodusentar levere søknad.

Publisert 29.08.2018

Det kommunale næringsfondet skal i første rekkje nyttast til næringsføremål som bedriftsutvikling, etableringstilskot, investeringar i bedrifter og til kommunale næringstiltak.Strategisk næringsplan bør vere retningsgjevande for finansiering som blir gitt frå fondet. I strategisk næringsplan er dette hovedmålet skissert:

Publisert 05.07.2018

Formålet er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å auke produktiviteten. I tillegg er det eit mål å redusere faren for erosjon og overflateavrenning til vassdrag.

Publisert 27.06.2018
Idyll på Mefjellet

Søknadsfristen for Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal er 15.oktober og 1.november for beitelag. Du kan starte med å levere søknaden frå 1.august.
Dei regionale miljøprogramma er laga for å styrkje miljøarbeidet i jordbruket, og for å synleggjere jordbruket sin miljøinnsats.

Publisert 18.04.2018
Utsyn frå Blåhornet mot Valldal

Ein kan søkje om tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap frå ferdselsårar og betydning for reiselivet.