Næringsfond 2016

Småstein - Klikk for stort bileteSmåstein

Det kommunale næringsfondet blir nytta til næringsformål som etableringstilskott, bedriftsutvikling og til kommunale næringstiltak som kan auke sysselsettinga. Ta kontakt med Fjordhagen på tlf. nr. 70 25 72 00 om du treng rettleiing og hjelp til søknaden. Denne tenesta er gratis
Søknadsfristen er tirsdag 1. mars

Fondet skal i første rekkje nyttast til næringsføremål (bedriftsutvikling, etableringstilskott, investeringar i bedrifter) og til kommunale næringstiltak (kommunalt tiltaksarbeid og grunnlagsinvesteringar knytte til næringsføremål). Prosjekt som kan hjelpe til med å auke sysselsetting av kvinner og ungdom, skal ha prioritet.

Finansiering frå næringsfondet kan berre gjevast i form av tilskot. Midlar frå fondet skal ikkje nyttast til aksjeteikning i private bedrifter.

Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje vere meir enn 50 % av samla kapitalbehov for prosjektet. For prosjekt som har særleg verdi for sysselsetting av kvinner og ungdom, og for nyetableringar, kan næringsfondet vere med på inntil 75% av finansieringa.

Send søknad via www.regionalforvaltning.no

Kontaktperson i Norddal kommune er Toralv Klokkehaug.