Produksjonsjonstilskot i jordbruket

Idyll på Mefjellet - Klikk for stort bileteIdyll på Mefjellet Monika Høydal Lingaas Søknadsfristen for Produksjonstilskot i jordbruket er 20.januar. Søknaden skal sendast inn elektronisk via Altinn Jordbruksavtalen er som ei følge av jordbruksoppgjeret 2014 endra på mange område.

  • Omsetningskravet blir fjerna og bunnfrådraget er auka til kr 6000
  • Maksimalbeløpet for tilskot til husdyr er auka til kr 560 000 pr år
  • Det blir gitt tilskot til melkekyr ut over dei første 50 dyra, for storfe ut over dei første 250 dyra og for sau ut over dei første 300 dyra.
  • Det er ikkje lenger kvantumsavgrensing på tilskot til frukt og bær
  • Det er innført eit produksjonskrav til mjølkeku og ammeku: Kua må ha kalva i løpet av dei siste 15 månadane.
  • Felles kategori for sau over 1 år: vinterfora sau over 1 år og utegangarsau over 1 år
  • Husdyrregisteret skal ikkje brukast til utmåling av tilskot til storfe
  • Tilskot til ferie og fritid: Satsane er auka med 2.1 %, maksimalbeløpet er kr 73 500. Tilskotet blir utbetalt til søkjar, ikkje direkte til avløysarlaget.
  • Krav til miljøplan blir avvikla frå 01.01.2015
  • Særregelverket for samdrifter blir avvikla frå 01.01.2015
  • Alle føretak må dokumentere at dei har hatt utgifter til avløysing som grunnlag for tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Du kan lese meir om endringane i veiledningsheftet , fullstendig informasjon om ordninga og korleis du kan søkje finn du på sidene til Landbruksdirektoratet

Treng du hjelp til elektronisk innsending av søknaden din, ta kontakt med Norddal kommune ved Monika Høydal Lingaas. Husk ta med deg dei personlege kodane dine til Altinn.