Produksjonstilskot i jordbruket

Ku - Klikk for stort bilete Søknadsfristen for produksjonstilskot i jordbruket er 20.august. Søknaden skal sendast via Altinn. Søknaden kan sendast inn frå 1.august. 
Lever søknaden i god tid før fristen er ute og ta kontakt om du lurer.

I år er ikkje arealtala i søknadane preutfylt grunna oppdateringar i kartgrunnlaget som er utført av NIBIO i samarbeid med Norddal kommune. Bruk arealtala i gardskartet når du fører inn areal, arealtala som ligg der skal stemme med tala som er registeret i Landbruksregisteret på kvar enkelt landbrukseigedom.

Gardskart

Pass på at alle opplysningane si søknaden er rett innan 20.august, vil du endre søknaden etter at søknadsfristen er ute blir det som at du leverer ny søknad med eit trekk på kr 1000. Du kan fritt endre søknaden før fristen er ute.

Nytt regelverk gjer at Norddal kommune ved feil i søknaden som fører til meirutbetaling må vurdere avkorting av tilskotet, så pass på at alt er rett.

Fullstendig informasjon om ordninga og korleis du skal søkje finn du på sidene til Landbruksdirektoratet.

Treng du hjelp og veiledning, ta kontakt med Norddal kommune ved Monika Høydal Lingaas 70 25 88 00.

Sist endra 22.08.2016