Regionalt miljøprogram 2018

Idyll på Mefjellet - Klikk for stort bilete Søknadsfristen for Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal er 15.oktober og 1.november for beitelag. Du kan starte med å levere søknaden frå 1.august.
Dei regionale miljøprogramma er laga for å styrkje miljøarbeidet i jordbruket, og for å synleggjere jordbruket sin miljøinnsats.

Planperioden for miljøprogrammet 2013-2016 er blitt forlenga med to år i påvente av ein større nasjonal revisjon av programmet.

Kvart fylke har ansvaret for eigen tiltak, som er forankra i desse hovudområda:

- tiltak for å ivareta kulturlandskapet

- tiltak for å redusere forureiningar

Den største endinga i programmet for vår kommune er tiltaket Skjøtsel av bratt areal, arealet skal haustast til ved slått til fôr. Skjøtsel ved beiting gjev ikkje lenger grunnlag for tilskot, i tillegg er søknadsfristen flytta frå august til oktober.

 Søknaden skal leverast via Altinn.

Informasjon blir sendt ut til alle føretak som søkte om produksjonstilskot i 2017

Les meir på heimesida til Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Landbruksdirektoratet

Korleis søkje ?