Tilskot til drenering

Formålet er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å auke produktiviteten. I tillegg er det eit mål å redusere faren for erosjon og overflateavrenning til vassdrag.

Tilskotet til drenering kan gjevast til føretak som skal gjennomføre grøfting både eige og leigd areal. Tilskot kan og gjevast til eigar av jordbruksareal som blir leigd ut.

- Arealet må ha vore grøfta tidlegare

- Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga


Det leggast ved grøfteplan med kart og miljøplan trinn 2 eller tilsvarande miljøinformasjon.

Satsane er 2000 kroner per dekar og 30 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2 000 kroner per dekar berørt areal.

Søknadsfristen er 1. november


Søknadsskjema og forskrift ligg på Landbruksdirektoratet sine sider.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne