Natur og miljø

Frå Flyene i Tafjord - Klikk for stort bilete

Norddal kommune har mykje å by på av vakker og rein natur. Godt klima og stor variasjon i terreng gjer kommunen til ein attraktiv stad å vere. På desse siden finn du oversikt over kommunale tenester knytt til natur og miljø. Det omfattar avfallshandtering, naturforvaltning og forureining.

Geirangerfjorden - Herdal med kringliggjande areal og Nærøyfjorden i Sogn og fjordane står på UNESCO si verdsarvliste (World Heritage List), oversikten over verda sine mest viktige kultur- og naturarv . Det er dei framståande geologiske verdiane og det unike vakre landskapet som har ført til at Norge har fått sitt første naturarvområde på den prestisjefylte lista.

 

Vi har eit ansvar for å sikre dei fantastiske naturverdiane som ligg til grunn for UNESCO sitt vedtak om verdsarven. Vi står og ovanfor store utfordringar innan samfunns- og fysisk planlegging, tema som energi og vassdrag, infrastruktur, kulturminne, kulturlandskap m.m.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 26.06.2015
Publisert 26.04.2017
Stikk UT!-banner.jpg

Stikk UT! startar 1. mai. Dette er eit elektronisk system for turregistrering, der målet er turglede og naturopplevingar. Norddal er med!

Publisert 12.05.2016
Vekas tur Skusetsetra 21.5.15

Sunnmøre friluftsråd gir kvart år ut Naturlosavisa - eit tiltak for å marknadsføre natur- og kulturvandringar og andre arrangement i medlemskommunane. I hovudsak er dette turar og arrangement i regi av lag og organisasjonar.

Publisert 19.04.2016
Bålkos

Frå 15. april til 15. september er det ikkje lov å tenne bål i nauren. Men frå i år er det opna for at du sjølv kan vurdere om det er trygt å tenne bål eller ikkje. Bålforbodet er i tillegg utvida frå å berre gjelde i og rundt skogsmark, til å gjelde ALL utmark.

 

Publisert 08.07.2015
Stikk UT!-banner.jpg

Stikk UT! startar 1. mai. Dette er eit elektronisk system for turregistrering, der målet er turglede og naturopplevingar. Norddal er med!

Publisert 08.05.2015
Skiltarbeid Kilsti

Denne dagen er eit fint høve til å setje fokus på fysisk aktivitet. Vi oppfordrar alle til å nytte seg av dei flotte og varierte turområda som finst i nærmiljøet.  

 

Avgifter (1)