Utsleppsløyve

Når du skal etablere eit utslepp av sanitært avløpsvatn eller vil auke eksisterande utslepp vesentleg, må du søke kommunen om utsleppsløyve.

Dersom utsleppet er frå bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande verksemd, og det totale utsleppet er mindre enn 50 personekvivalentar (pe), fyller du ut søknadsskjemaet "Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn frå hus og hytter". Skjemaet gjeld både separate utslepp av sanitært avløpsvatn og utslepp frå små hussamlingar som samarbeider om ei felles avløpsløysing. Søknadsplikta gjeld og når avløp går til tett tank. Skjemaet gjeld ikkje for påkopling til offentleg avløpsnett. Dersom utsleppet kan påkoplast kommunalt nett gjeld andre krav enn det som vert omtala her.

Det er ditt ansvar som ansvarleg eigar (tiltakshavar) å fylle ut ein nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningar kommunen treng for å kunne handsame søknaden. Kommunen handsamar søknaden innan seks veker frå fullstendig skjema med vedlegg er mottatt.  Dersom du har søkt om unntak, gjeld ikkje den absolutte saksbehandlingsfristen på seks veker.

For prosjektering og utføring av avløpsanlegget gjeld føresegnene i plan- og bygningslova § 93 vedrørande søknad om løyve til tiltak, godkjenning av føretak og ansvarsrett. Bygging av anlegget kan først starte når det føreligg eit løyve frå kommunen.

Sist endra 15.11.2013

Kontakt

Telefon :
99 71 12 52
Tittel :
Ingeniør
Bunnhjørne
Artikkel (1)