Natur og miljø

Frå Flyene i Tafjord - Klikk for stort bilete

Norddal kommune har mykje å by på av vakker og rein natur. Godt klima og stor variasjon i terreng gjer kommunen til ein attraktiv stad å vere. På desse siden finn du oversikt over kommunale tenester knytt til natur og miljø. Det omfattar avfallshandtering, naturforvaltning og forureining.

Geirangerfjorden - Herdal med kringliggjande areal og Nærøyfjorden i Sogn og fjordane står på UNESCO si verdsarvliste (World Heritage List), oversikten over verda sine mest viktige kultur- og naturarv . Det er dei framståande geologiske verdiane og det unike vakre landskapet som har ført til at Norge har fått sitt første naturarvområde på den prestisjefylte lista.

 

Vi har eit ansvar for å sikre dei fantastiske naturverdiane som ligg til grunn for UNESCO sitt vedtak om verdsarven. Vi står og ovanfor store utfordringar innan samfunns- og fysisk planlegging, tema som energi og vassdrag, infrastruktur, kulturminne, kulturlandskap m.m.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 26.06.2015
Avgifter (1)