Geiranger - Herdalen landskapsvernområde

Geiranger - Herdalen landskapsvernområde i Stranda og Norddal kommunar omfattar eit totalareal på 498,0 km2. Området er ein del av Vestnorsk Fjordlandskap som står på UNESCO si verdsarvliste.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 24.06.2014

Formålet med vernet er å ta vare på eit eigenarta og særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv. Området har viktige kulturlandskap, der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. Geiranger – Herdalen er rik på særmerkte geologiske førekomstar og landskapsformer.

Det finst her svært store landskapsmessige og biologiske variasjonar over korte avstandar. Langs dei sørvendte liene veks varmekjære lauvskogar med eit rikt dyreliv. Den spesielle sommarfuglarten mnemosynesommarfugl har eitt av dei viktigaste leveområda sine her. Havørn og kongeørn hekkar også i området. Dei fire vanlege hjorteviltartane finst òg her. Lengst aust har villreinen i Ottadalsområdet kalvingsområde.
Liene og fjella stig bratt frå fjordane og opp til over 1850 m.o.h., og dei inste delane av området har høgfjell med tindar, eggar og brear. Dei mange fossane og vassfalla gjev området eit særpreg.

Langs fjordane finn ein mange fråflytta gardar som utgjer eit heilt spesielt landskapselement. Husa og noko av innmarka vert halde vedlike, slik at ein kan dokumentere gamal busetnad og drift.

Området er i stor grad fritt for større inngrep. Det er eitt av dei fem villmarksprega områda som ligg meir enn 5 km frå større tekniske inngrep i fylket. Det er ikkje utført større vassdragsreguleringar, og Norddalsvassdraget og mesteparten av Geirangelva er verna.

Både området langs Geirangerfjorden og Herdalen er registrert som nasjonalt viktig kulturlandskap i den nasjonale registreringa av kulturlandskap på 1990-talet.

Verneplanen vedtatt 08.10.2004 (Kongen i Statsråd)

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne