Viltforvaltning

Norddal viltnemnd er leia av Bjørn Helge Rønneberg. Kommunen ved skogbrukssjef Asle Johan Bergseth Konnerth er sakshandsamar for nemnda. Viltnemnda arbeider med saker som fellingsløyve, fellingsstatistikk, rapportering, jaktvald og viltfondet.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 05.09.2014

Viltnemnda er i valperioden 2011-2015 slik samansett:
Bjørn Helge Rønneberg - leiar
Oddbjørn Lianes - nestleiar
Rune Hårberg
Rigmor Grønningsæter
Jan Ole Fuglem
 

Fallvilt: Norddal kommune minner om at funn av dødt eller skada vilt skal meldast inn til Valldal Ettersøksring eller kommunen for registrering i Hjorteviltregisteret. Informasjon som skal meldast inn i den grad den finst er: viltart, kjønn, alder (kalv, ungdyr, eldre), årsak viss kjent, utfall og dato for funnet.  Rapportering kan skje per telefon til 913 42 349 - Fridjon Døving, eller tlf.  70 25 88 00, e-post: postmottak@norddal.kommune.no eller per brev.

Norddal kommune deltek i ein interkommunal samarbeidsavtale om gps-merkeprosjekt. Dette kan følgjast på www.hjortmerk.no.

Har du skote hjort? Gå inn og registrer deg på oversikten over felte dyr.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne