Nye bålreglar

Bålkos - Klikk for stort bilete

Frå 15. april til 15. september er det ikkje lov å tenne bål i nauren. Men frå i år er det opna for at du sjølv kan vurdere om det er trygt å tenne bål eller ikkje. Bålforbodet er i tillegg utvida frå å berre gjelde i og rundt skogsmark, til å gjelde ALL utmark.

 

Dei nye reglane seier samtidig at du likevel kan tenne bål der det opplagt ikkje medfører brannfare Det er med andre ord blitt lov å bruke hovudet, men vis aktsemd! Retten til å tenne bål er regulert av Forskrift om brannforebygging.

Dette melder Norsk Friluftsliv, en paraplyorganisasjon for 15 norske friluftslivsorganisasjoner.

I Norge er bålet sjølve symbolet på friluftslivet og ein viktig del av allemannsretten.

Sist endra 19.04.2016