Stikk UT!

Stikk UT!-banner.jpg - Klikk for stort bilete Stikk UT! startar 1. mai. Dette er eit elektronisk system for turregistrering, der målet er turglede og naturopplevingar. Norddal er med!

Stikk UT-skilt Alstad - Klikk for stort bilete

Det er Friluftsrådet for Ålesund og omland som organiserar og driftar Stikk UT!, i samarbeid med medlemskommunane og frivillige. Nokre turar er lette (grøne og blå), medan andre turar er meir krevande (raude og svarte). Stikk UT!-sesongen opnar 1. mai og varer til 31. oktober. Turane blir registrert med kode på nettet. Koden finn du i postkassa på turmålet.

På nettsida til friluftsrådet kan du registrere deg som brukar. Her finn du link til turomtale for dei 10 turane i Norddal - og til dei 73 andre turmåla i medlemskommuane i friluftsrådet.

Det er totalt 83 turmål i alle medlemskommunane til friluftsrådet.

 

Dette er StikkUT!-turmåla i Norddal i 2015:

  1. Tretindanibba                                svart          turen er opna!
  2. Kallskaret                                      raud           turen opnar 10. juli
  3. Mefjellet                                         raud           turen er opna!
  4. Lilleåsskagen – Storåsnakken          blå          turen er opna!
  5. Muldal                                            blå          turen er opna!
  6. Vardefjellet                                     blå          turen er opna!
  7. Brekkevatnet                                  blå           turen er opna!
  8. Steindalsstølen                               grøn        turen er opna!
  9. Kilstisætra                                      grøn        turen er opna!
  10. Gudbrandsjuvet – Grønning             grøn         turen er opna!
     

NB! Turmåla blir opna så snart dei er nokolunde snøfrie og farbare til fots!

 

Enkelt

Det er enkelt å bli Stikk UT!-brukar. På nettsida til Friluftsrådet for Ålesund og omland finn du banneret til konkurransen øvst til høgre. Under «Mi side» klikkar du på lenkja til «Registrer deg» og fyller ut skjemaet. Du kan velje sjølv om du vil at namnet ditt skal visast i topplista over dei mest besøkte turmåla.

På turmåla finn du Stikk UT!-koden i turkassa. Den kan du enten registrere direkte inn i Morotur-appen du lastar ned gratis til smarttelefonen din, eller du kan registrere koden via PC på nettsida til friluftsrådet når du kjem heim. Å signere i turboka er altså ikkje nok til å få turen din registrert i Stikk UT!.

 

Kvar tur gir 1 poeng. Vaksne som registrerer 7 eller fleire turar i løpet av sesongen blir kvalifiserte til å få kjøpe den flotte Stikk UT!-premien vi jobbar med å få på plass. Barn får denne retten etter 5 registrerte turar.

 

Oversikt

Under Stikk UT! på nettsida til friluftsrådet kan du heile tida følgje med på kor mange turar du har gått og korleis du ligg an i høve til andre

 

 

Sist endra 08.07.2015