Avlastning for barn og unge

Avlastning er eit tilbod til foreldre med store omsorgsoppgåver ovanfor barn med nedsett funksjonsevne.

Avlastning kan foregå i eigen heim, i andre private heimar, eller i kommunal avlastningsbustad.Avlastningstenester vert ytt til pårørande og andre som til dagleg har særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Avlastninga skal gjere det mogeleg for omsorgsytaren å oppretthalde gode familerelasjonar, ivareta sosiale nettverk og gje høve til regelmessig fritid og ferie. Tenesta skal virke førebyggande slik at pårørande skal kunne gje tilfredsstillande hjelp til den omsorgstrengande over tid.

Kven kan få tenesta?

Pårørande og andre som til dagleg har særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Korleis få tenesta

Søknaden må vere skriftleg. Bruk eige skjema. Du kan få hjelp til å skrive søknaden. Før saka kan avgjerast vil søkjar sine ønskjer og behov bli kartlagt. Vanlegvis vil sakshandsamar kome på heimebesøk.

På bakgrunn av innhenta informasjon vert det fatta vedtak. Du vil få skriftleg svar i form av enkeltvedtak med klagefrist innan tre veker. Ei eventuell klage rettast til kommunen og blir endeleg avgjort av Fylkesmannen.

For nye brukarar av avlastning må det søkjast minst 3 månadar før tiltaket er forventa sett i gong.
Sist endra 15.11.2013
Teneste (1)