Avlastning

Har du omsorgsoppgåver som gjer at du har behov for avlastning? Kommunen kan for eksempel yte avlastning i form av heimehjelp, dagtilbod eller avlastningsopphald på omsorgsbustad.

Avlastningstenester vert ytt til pårørande og andre som til dagleg har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Avlastninga skal gjere det mogeleg for omsorgsytaren å oppretthalde gode familerelasjonar, ivareta sosiale nettverk og gje høve til regelmessig fritid og ferie. Tenesta skal virke førebyggande slik at pårørande skal kunne gje tilfredsstillande hjelp til den omsorgstrengande over tid.

Sist endra 15.11.2013

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne