Brukarstyrt personleg assistanse

Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp til dei som har eit særskilt hjelpebehov grunna alder eller funksjonshemming, og som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Innafor det timetalet som kommunen gjev, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar) og kva assistenten(-ane) skal gjere.

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det.

Pasient- og brukerrettighetsloven

Brukarstyrt personleg assistanse

Sist endra 09.05.2014