Kraftsenteret
Kraftsenteret er eit dagtilbod for vaksne i Norddal kommune
der ein legg til rette for deltaking og meistring. Målet med Kraftsenteret er å gje menneskje mulegheit til å delta aktivt i eigen kvardag. Tenesta er retta mot menneske i Norddal kommune som har behov for ein møteplass, aktivitetar og samvær med andre og for menneske som vil delta meir i samfunnet.
Publisert av
Aud Lindis Ødegaard.
Sist endra 26.11.2014
Kraftsenteret ligg på Sylte i Valldal og er samlokalisert med frivilligsentralen, ungdomsklubben og frisklivssentralen.
Vi har eit vekeprogram med tilbod om ulike aktivitetar.
Vi held ope 3 dagar i veka, og det kostar ikkje noko å vere der.
Du må betale for mat og drikke, enkelte aktivitetar og materiell.
Desse tilboda kan du delta i på Kraftsenteret:
-
Handarbeidstreff
-
Ope kafe/sosialt samvær
-
Matlaging
-
Stavgang
-
Frisktrim/stoltrim
-
Seniortreff
-
Arbeidsfellesskap
-
Fredagslunsj
-
Gjestedata
Vi ønsker at du som brukar skal kome med dine idear, ønskje og tankar då vi vil ha eit mest mogleg brukarstyrt Kraftsenter.
Kontakt oss:
Leiar Bjørg Sætren Kleppe
Adr. Kraftsenteret
6210 Valldal
E-mail: bjkl@norddal.kommune.no
Tlf 702 58 800 el. 954 72 843