Sjukeheim - korttidsplass

Definisjon

Korttidsopphald er eit tidsavgrensa/ikkje varig  opphald i  sjukeheim der personalet skal bidra til kartlegging, vurdering og oppfølging av søkjar si omsorgsevne.

Målsetting

  • Tenesta skal bidra til å førebyggje, behandle og legge til rette for meistring av sjukdom, skade eller lyte.
  • Tenesta sitt utgangspunkt skal vere den einskilde sine ressursar og bidra til at søkjar opprettheld eller får tilbake størst mogleg grad av eigen mestring.

 

Kriterier for tildeling

  • Akutt endra helsetilstand. Behov for tilsyn og hjelp gjennom døgnet er i større omfang enn det heimesjukepleien kan ta i vare.
  • Gjenvinning eller vedlikehald av funksjonar. Dette er viktig for å kunna bu lengre heime og førebyggja behov for opphald i sjukeheim/sjukehus
  • Kartlegging og vurdering av vidare behov for omsorgstenester, tilrettelegging av husvære eller langtidsplass. Føresetnad er at kartlegginga i tilstrekkeleg grad ikkje kan gjerast i heimen.
  • Utskriving frå sjukehus. Behov for ytterlegare medisinsk oppfølging og trening før heimreise.
  • Lindrande behandling, også i sluttfasa av livet.
  • Har behov for observasjon og oppfølging i samband med medisinering
  • Kartlegging av brukarar som krev døgnkontinuerlige  observasjonar i ein begrensa periode
  • Kartlegging av tiltak som vil krevjast i heimen. Hjelpemiddel, heimesjukepleie etc
  • Tilbodet er for pasientar som krev tett sjukepleiefagleg oppfylgjing for ein periode.

 

Kva forventast av deg

  • Du samtykker til vedtaket og du reiser heim til avtalt dato
  • Du tek med eigna kle
  • Alt privat tøy er merka
  • Private eigendelar vert tatt med på eige ansvar

 

Kva kan du forvente av oss  

  • Kommunen innhentar dei opplysningane som er naudsynt for å avgjere saka. Det vert fatta eit vedtak og vedtaket er grunngjeve.
  • Vi gjev tenester slik det kjem fram i vedtaket med det innhald som er beskreve.
  • Vi gjev tenester med respekt for deg og din livssituasjon
  • Vi planlegg og iverkset tenester i samarbeid med brukar og pårørande
  • Vi held teieplikta vår

 

Betaling  for  tenesta

Bebuarar ved sjukheimen som har fått kortidsopphald vert fakturert med ein døgnpris dei fyrste 60 døgna. Denne satsen vert fastsett av staten og vert endra per 1.1. kvart år. Rekning vert sendt frå økonomiavdelinga.

Dersom ein bebuar har meir enn 60 døgn med opphald i løpet av eit kalenderår, så vil det verte fakturert etter vederlag for langtidsopphald.

 

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse – og omsorgstjenester § 3-2 punkt 6, bokstav c.

 

Søknadsskjema

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne