Sjukeheim - langtidsopphald

Definisjon

Søkjar kan få tildelt langtidsopphald i sjukeheim når andre, alternative tenester er vurdert/prøvd ut og søkjar er varig ute av stand til å ta vare på seg sjølv og ikkje lengre kan meiste dagleglivets gjeremål grunna mentalt eller fysisk funksjonstap.

Sjukeheimen skal vere ein varig heim for sjuke og eldre med svekka helse, redusert  førlegheit  og eit omfattande hjelpebehov.

Tenesta skal sørgje for at søkjar får teke i vare sitt behov for pleie, medisinsk oppfølging og behandling, samt individuelt tilpassa aktivitetar.

Kriterier for tildeling

  • Søkjar sitt totale omsorgsbehov, fysiske, mentale eller sosiale tilstand er slik at søkjar, heimetenesta og/eller nettverket rundt søkjar ikkje lenger er i stand til å ta hand om vedkommande på en forsvarleg måte i heimen
  • Søkjar har behov for pleie  og omsorg ved livets slutt
  • I utgangspunktet skal andre tiltak vere prøvd før ein tildelar langtidsopphald.

 

Spesialavdeling i sjukeheim kan vere aktuelt dersom

  • Heimebuande søkjar eller institusjonsbebuar har spesielt utfordrande sjukdomsbilde som det er vanskeleg å handtere ved somatisk avdeling
  • Heimebuande søkjar eller institusjonsbebuar har behov for auka fagleg kompetanse
  • Heimebuande søkjar eller institusjonsbebuar har behov for eit skjerma tilbod

 

Standard for tenesta

  • Tenesta skal bidra til kartleggjing, vurdering og oppfølging av søkjar si omsorgsevne
  • Søkjar skal ha minimum 1 årleg medisinsk kontroll, i tillegg til fortløpande legekontakt
  • Søkjar skal få tilbod om tannhelseteneste
  • Det er pårekneleg at søkjar må bytte rom i avdelinga, evt flytte til anna avdeling. Søkjar og pårørande skal så langt som mogleg vere informert på førehand
  • Sjukeheimen er ikkje erstatningsansvarleg for evt bortkomne klede eller andre private eigedeler under opphaldet
  • Privat tøy vert  vaska ved kommunalt  vaskeri, men må vere merka
  • Det er tilbod om frisør og fotpleier på sjukeheimen
  • Det vert tatt innkomststatus av helsetilstanden

 

Kva for ventast av deg

  • Du samtykker til vedtaket
  • Du tek med eigna kle
  • Alt privat tøy er merka
  • Private eigendelar vert tatt med på eige ansvar

 

Kva kan du forvente av oss

  • Kommunen innhentar dei opplysningane som er naudsynt for å avgjere saka. Det vert fatta eit vedtak og vedtaket er grunngjeve.
  • Vi gjev tenester slik det kjem fram i vedtaket med det innhald som er beskreve.
  • Vi gjev tenester med respekt for deg og din livssituasjon
  • Vi planlegg og iverksett tenester i samarbeid med brukar og pårørande
  • Kvalitetsforskrifta sine krav gjev grunnlaget for tilbodet på institusjonen
  • Dersom brukaren, jfr. legeerklæring ikkje er i stand til å ivareta sin eigen økonomi, overtek institusjonen ansvaret for forvaltninga av bebuaren sin  lommepengedel av folketrygda. Etter fullmakt kan institusjonen i nokre tilfelle delegere dette til pårørende/hjelpeverge
  • Vi held teieplikta vår

 

Sakshandsaming

Søkjar må skrive under søknaden sjølv

Vedtak om langtidsopphald skal vere skrive og utlevert seinast ei veke etter innskrivingsdagen. I tillegg til vedtak om tildeling fattast vedtak om betaling for langtidsopphald.

 

Betaling  for  tenesta

Vederlag for opphaldet krevjast jf. « Forskrift for vederlag for opphald i institusjon» jf. «Lov om kommunale helse – og omsorgstjenester» § 11-2.

 

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse – og omsorgstjenester § 3-2 punkt 6, bokstav c.

Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta

Forskrift om vederlag for opphold i institusjon

Pasient- og brukerrettighetsloven

 

Andre opplysningar

Søkjar som er tildelt langtidsopphold kan av ulike årsaker ha  lengre opphald utanfor sjukeheimen. I denne perioden kan det avtalast med vedkommande sjølv eller med pårørande at Norddal Kommune kan nytte rommet til kortidsplass, i denne perioden, Då betalar ein ikkje vederlag for langtidsopphaldet.

 

Vedkommande er garantert å få tilbake langtidsopphald etter opphaldet utanfor institusjon,                                                                                                                 

 

Tildeling av langtidsopphold er varig, men vedkommande kan sjølv velje å flytte ut . Ein må då underskrive på at dette er etter eige ynskje.

 

Søknadsskjema
 

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 25
Tittel :
Einingsleiar sjukeavdeling
Bunnhjørne