Venteliste sjukeheim

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILT TILRETTELAGT FOR HEILDØGNSTENESTER M.M.


Heimel: Fastsett av Norddal kommune i kommunestyre 29.06.2017, med heimel i lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 3-2 a andre ledd.

 

§ 1 Føremål
Forskrifta skal vise kva kriterie Norddal  kommune  legg til grunn for vedtak om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester, og kva som skal ligge til grunn for å sette søkjar på venteliste for tildeling av slikt tilbod.

 

Forskrifta skal sikre medverknad og at pasient/brukar er informert om tildelingsprosessen og til åpenheit kring denne.

 

§ 2 Verkeområde
Norddal  kommune disponerer til ei kvar tid  23 definerte langtidsplassar i sjukeheim ( der ein har 8 demensplassar og  15 langtidsplassar til somatikk)  ein har og 8  tilsvarande bustader særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester. ( Skal ned til 6 bustader )

 

Rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustader særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester eller rett til å stå på venteliste til eit slikt tilbod, er regulert i pasient- og brukerrettslova § 2-1 e.
 

§ 3 Definisjonar
- «Sjukeheim» er helseinstitusjon slik dette er definert i Helse- og omsorgstenstelova § 3-2 første ledd
- Med «langtidsopphald» meinast opphald i sjukeheim på ubestemt tid.
- «Tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester», er bustad som har knytt til seg helse- og omsorgspersonell som fast er tilgjengeleg for pasienten/brukaren heile døgnet.
- «Venteliste» er ei oversikt over pasientar/brukarar som etter ei helse- og omsorgsfagleg vurdering vil vere best tent med langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester, og det samstundes er vurdert at vedkomande med forsvarleg hjelp kan bu heime i  påvente av langtidsopphald.

 

§ 4 Rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester

  1. Pasient/brukar har rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester, dersom dette etter ei helse- og omsorgsfagleg vurdering er det einaste tilbodet som kan sikre pasienten/brukaren naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester.
  2. Dersom pasient/brukar ut frå ei helse- og omsorgsfagleg vurdering vil vere best tent med eit langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagt for heildøgnstenester, men som med forsvarleg hjelp og tilpassing kan bu i eigen heim, får avslag på søknaden og settast på venteliste for slikt tilbod. I ventetida skal kommunen gjere vedtak om og gje forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Når fleire pasientar/brukarar står på venteliste samstundes, skal kommunen til ei kvar tid vurdere kven som har det største behovet for å få tildelt langtidsplass eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester. Ved førespurnad har pasient/brukar rett til å få informasjon om kommunen si vurdering av kor lenge det er sannsynleg at ein må stå på venteliste før tildeling av aktuelt bu- og omsorgstilbod.

 

§ 5 Kriterie for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgnstenester
Langtidsopphald i sjukeheim eller tenester i ein tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester, skal vurderast ut frå ei helse- og omsorgsfagleg heilskapsvurdering. 

I det faglege skjønet skal kommunen m.a vurdere hjelpebehov, meistringsnivå og tryggleik.
I vurderingane for tildeling av tenesta skal desse tilhøva leggjast vekt på:
- kva type helse- og omsorgsteneste det er behov for og kor omfattande og varig behovet vil vere
- om pasienten eller brukaren har høve eller evne til å tilkalle hjelp ved behov
- om ein med hjelpemiddel eller ulike tilretteleggingar kan gjere tilpassingar som fremjar eigenmeistring i eigen heim.
- om alternativ til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgnstenester er prøvd ut og vurdert å ikkje vere tenleg eller forsvarleg.
- om pasienten/brukaren er samtykkekompetent og har kognitive evner som ikkje medfører alvorleg risiko for liv og helse
- kva konsekvensar eit avslag på heildøgnstilbod i sjukeheim eller bustad kan gje.
- ved vurdering av hjelpebehov skal LEON-prinsippet ( lavaste effektive omsorgsnivå) og omsorgstrappa aktivt verte nytta for å tilby rett omsorgsnivå.

 

§ 6 Sakshandsaming
Vedtak etter forskrifta her, skal handsamast etter § 2-7 i pasient og brukarrettslova, samt forvaltningslova sine reglar om enkeltvedtak med klagerett. Vedtak kan anten

  1. gi avslag på plass
  2. tildele plass
  3. gi avslag på plass og sette på venteliste

For vedtak etter pkt c), skal det i vedtaket gjerast klart kva tilbod pasient/brukar vil få i ventetida som vert vurdert å stette lova sine krav til forsvarlege tenester.

 

§ 7 Klage
Det er klagerett på vedtak etter denne forskrifta.  Klageinstans er Fylkesmannen. Klage sendast til den instans som har fatta vedtaket seinast innan 4 veker etter at ein er gjort kjend med vedtaket, jmf. Pasient og brukarrettslova Kap. 7 Klage.

Dersom klaga berre gjeld den delen av vedtaket som omhandlar tildeling av bustad og ikkje tenestetilbodet i denne, er kommunen klageinstans. Klagefristen etter forvaltningslova er då 3 veker.

 

§ 8 Iverksetting og revidering av forskrifta
Forskrifta tek til å gjelde den 1. juli 2017.

 

Endringar i lova om rett til opphald i sjukeheim

Endringar i lova om rett til opphald - kriteriar og venteliste
 

 

Sist endra 05.02.2018

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne