Bustønad

Bustønad er ei statleg støtteordning som vert administrert av Husbanken og kommunane. Eit detaljert statleg regelverk er lagt til grunn for sakshandsaminga - der kommunane i stor grad utfører tenesta på vegne av staten. Målgruppa er eldre, uføre og barnefamiliar med svak økonomi.

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge bukostnader.

Det er forholdet mellom inntekt og bukostnader som avgjer om du har rett til bustønad. Inntekta di må vere så låg at du har problem med å betale bukostnadene. Det er sett øvre grenser for kor høg inntekt du kan ha for å kunne få bustønad. Inntektsgrensene finn du her.

Frå 2013 er det innført ein automatisk etterkontroll av inntektene som er nytta ved utrekninga av bustønad.

For å få bustønad må du og bustaden din oppfylle desse krava:

  • Du må ha fylt 18 år. Dersom du har eigne barn, kan du søkje sjølv om du er under 18 år.
  • Du må bu i bustaden du søkjer bustønad for. Du må òg vere registrert på denne bustaden i Folkeregisteret.
  • Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Det kan ikkje vere ein fritidsbustad. I tillegg må han ha eigen inngang og vere høveleg for å kvile og å lage mat.

Du kan ha rett til bustønad dersom du er student med eigne barn eller studerer som del av eit offentleg program for arbeidskvalifisering gjennom Nav eller kommunen.

Kommunen tek imot søknaden, registrerer han og har den løpande kontakten med deg. Når søknaden blir behandla, blir det innhenta opplysningar frå ei rekkje offentlege instansar som for eksempel Folkeregisteret, Likningsregisteret og Nav. Husbanken gjer det formelle vedtaket om stønad.
Har du fått innvilga bustønad, treng du ikkje å søkje kvar månad.
Du må gje skriftleg melding til kommunen dersom det skjer nokre endringar. Du må straks melde frå  

  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (da må du òg søkje på nytt)
  • dersom éin eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom dei samla inntektene i husstanden overstig inntektsgrensa som er oppgjeven i vedtaket

Dersom du ikkje gjev melding om endringar, så kan for mykje utbetalt bustønad krevjast attende. Det er straffbart å føre opp uriktige opplysningar eller å unnlate å gje opplysningar.

Det er søknadsfrist den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer ca. den 10. i den etterfølgjande månaden. Det er situasjonen den 1. i månaden som blir lagt til grunn for utrekninga av bustønaden.

Søknadsskjema

Forskrift om bustønad

Sist endra 15.12.2016

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 00
Bunnhjørne
Skjema (1)
Artikkel (1)