Omsorgsløn

Har du eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgsløn. Omsorgsløn skal gi deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsløn, og kva nivå løna skal liggje på.

Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta som kan takast med i vurderinga, er

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid

Bruk pleie og omsorg sitt søknadsskjema.

Helse- og omsorgstenestelova

Rundskriv omsorgsløn

Sist endra 09.05.2014