Omsorgsstønad

Definisjon

Omsorgsstønad skal gjere det mogleg for private omsorgspersonar å oppretthalde omsorgsarbeidet for sine næraste. Ordninga omfattar både omsorgsytar utan omsorgsplikt og foreldre som har omsorgsplikt for sine mindreårige born. Både omsorgsytar og den som tek imot  omsorga kan søkje omsorgsstønad.

Målsetting

Skal bidra til best mogleg omsorg for den som treng hjelp til dagliglivets gjeremål. Omsorgsstønad skal gi ei viss økonomisk kompensasjon til personar med eit særs tyngjande omsorgsarbeid samt å stimulere dei til fortsatt å yte ein innsats.

 

Kriterier for tildeling

Tenesta kan vere aktuell dersom:

  • Det føreligg søknad om hjelpestønad til tilsyn og pleie frå Nav
  • Dersom omsorgsarbeidet som er utført er særs tyngjande og er av eit visst omfang
  • Dersom omsorgsarbeidet som vert utført gjeld naudsynte oppgåver som:

-stell/pleie/personleg hygiene, på/avkledning, forflytting,/trening, hjelp til å spise mm. Omsorgsbehov grunna betydelege   avvik grunna åtferd

  • Dersom omsorgsarbeidet som vert utført er det beste for den som har behov for hjelpa
  • Dersom omsorgsarbeidet som vert utført er det best økonomisk tenelege for kommunen

 

Det er inga øvre aldersgrense for å motta omsorgstønad, men for å sikre at den som treng det får dekka sine behov, må kommunen i kvar enkelt tilfelle vurdere om søkjar er i stand til å gi forsvarleg omsorg og at det er den sin innsats som er det beste og er naudsynt for brukar.

 

Det vert og vurdert:

  • Om søkjar arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeidet
  • Om omsorgsarbeidet er meir psykisk eller fysisk belastande enn vanleg
  • Om omsorgsarbeidet går utover nattesøvn eller om det er nattarbeid
  • Om fordelinga over tid- er omsorgsarbeidet i periodar, eller kontinuerlig
  • Om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • Om det er snakk om omsorg for meir enn ein person
  • Om søkjar har omsorgsplikt
  • Om søkjar har inntektstap som følgje av omsorgsarbeidet

 

Standard for tenesta

  • Antal timar omsorgsstønad som vert tildelt skjer etter « vekting» av arbeidsoppgåver jf. kriterier
  • Det vert som hovedregel tildelt minimum 3 timar og maksimum 35 timar per månad
  • Avlønning skjer etter einkvar tids gjeldande lønnsats i hovedregel etter lavaste heimehjelpssats.
  • Kommunen kan trekkje ifrå hjelpestønad i utrekning av omsorgsstønad

 

Kva kan du som søkjar  forvente av Norddal kommune

Ved vurderingsbesøk skal det informerast om hjelpestønad/forhøga hjelpestønad frå Nav.

 

Kva kan Norddal kommune forvente av deg som søkjar

Er forplikta til å melde om alle endringar gjeldande omsorgsmottakar og eigen situasjon til kommunen.

 

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-6

 

Andre opplysningar

Norddal kommune krev at det vert søkt om hjelpestønad til tilsyn og pleie frå Nav før søknad om omsorgsstønad vert handsama. Jf.omsorgslønn Rundskriv I-42/98 pkt. 5.2

Søknadsskjema

Sist endra 05.02.2018

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne