Tidlegpensjon for jordbrukarar

Ordninga med tidlegpensjon er ein del av veldferdsordningane i landbruket. Tidlegpensjon skal lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Det blir utbetalt anten ein éinbrukar- eller tobrukarpensjon. Tobrukarpensjon er aktuelt i dei tilfella der også brukaren sin ektefelle/sambuar har tatt aktivt del i drifta. Pensjonen blir utbetalt til og med den månaden brukaren fyller 67 år, med mindre brukaren får utbetalt andre typar pensjonar som ikkje kan kombinerast med tidlegpensjonen

  • Brukaren må vere fylt 62 år
  • Landbrukseigedommen må vere overdratt til ny eigar eller forpaktingsavtalen må vere oppsagt
  • Brukaren må ha vore gardbrukar i minst 15 år
  • Næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må ha vore minst kr 90 000 i referanseperioden som er sett til fem år
  • Minst 25 % av inntekta frå jordbruk/gartneri og skogbruk skal vere inntekt frå jordbruk/gartneri
  • Minst 67 % av samla inntekt må vere næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk eller brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå bruket må utgjere minst 50 % av deira samla inntekter

Ved tobrukarpensjon er det i tillegg òg krav om at

  • ektefelle/sambuar må ha fylt 57 år
  • ektefelle/sambuar må ha budd og arbeidd på landbrukseigedommen i dei siste fem åra
  • brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må utgjere minst 50 % av dei samla inntektene deira
  • ektefelle/sambuar kan ikkje ha annan inntekt på meir enn kr 100 000 utanom bruket i referanseperioden

Fylkesmannen kan gje dispensasjon frå inntektskrava på nokre område.

Kommunen kontrollerer at søknaden er riktig utfylt og at alle vedlegga er med. Søknaden blir sendt til landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, som gjer vedtak i saka. Statens landbruksforvaltning utbetaler pensjonen kvartalsvis.

Forskrift om tidligpensjon for jordbrukarar

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne