Restskatt - betaling og innkrevjing

Restskatt oppstår fordi du har betalt for lite skatt før likning. Han må betalast sjølv om du klagar på likninga. Restskatt over kr 1000 forfell til betaling i to terminar. Betaling skjer til skatteoppkrevjaren sin bankkonto for skatt. Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, vil skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnfordring og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.

Dersom du er usamd i likninga, sender du klage til skattekontoret. Fristen for klage på likninga er generelt tre veker etter kunngjering av at skattelista er lagt ut. Når du har levert sjølvmelding som er fylt ut på førehand og er omfatta av det første skatteoppgjeret, er fristen for klage 10. august eller innan seks veker etter at det blei kunngjort at skatteoppgjeret var ferdig.

Klage på likning skal sendast:
Skatt Midt-Norge
Serviceboks 2060
6402 MOLDE
Tlf. 800 80 000

Sist endra 09.05.2014
Artikkel (2)