Skatteattest

Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt, og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst). Attesten skal sendast seinast dagen etter at forespurnaden er mottatt.

Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å framstå som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.

For spørsmål og utsteding av skatteattest, ta kontakt med Nordre Sunnmøre Kemnerkontor, serviceboks 1521, 6025 Ålesund. Tlf. 70162000.

For spørsmål knytt til meirverdiavgift, ta kontakt med Skatt-Midt Norge, serviceboks 2060, 6402 Molde. Tlf. 800 80 000.

Forskrift om offentlige anskaffelser

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

Serviceboks 1521, 5025 Ålesund
Telefon :
70162000
Bunnhjørne
Artikkel (2)