Skule og utdanning

Naturfag i naturen - Klikk for stort bilete

I Norddal er det to skular. Begge er kombinerte barne- og ungdomsskular. Alle skulane har skulefritidsordning. Det er to barnehagar i kommunen.  Du finn mykje praktisk informasjon på sidene til Foreldreutvalet for grunnskulen.

Barna i Dalsbygda barnehage markerte Santa Lucia med Luciatog 14. desember. Dei er også godt i gang med julebaksten.

1.-4. klasse ved Valldal skule inviterte til julespelet En glede for hele folket (PDF, 272 kB)i Sylte kyrkje fredag 11. desember. Elevane hadde ulike roller i framføringa av juleevangeliet, og alle var med i koret som song mange songar. Eit stort publikum møtte fram for å få med seg ei stemningsfull adventsstund i kyrkja med mykje fin song og musikk.

Ungdomsskulen i Eidsdal inviterer til sin årlege kabary på Dalsbygda grendahus laurdag 18. april kl 1500. Dei byr på godt program og minst like gode kaker! Elevar frå Valldal skule har tilbod om gratis skyss frå ferjekaia.

Buss

I samband med kabareten Venner for livet på Valldal samfunnshus er det sett opp tilbod om gratis skyss frå og til ferjekaia for elevane ved Eidsdal skule. Fredag: Ferje frå Eidsdal kl 1815, og retur frå Linge kl 2230. Laurdag: ferje frå Eidsdal kl 1745 og retur frå Linge kl 2100 (ev 2230). Påmelding innan fredag kl 1200. Plakaten finn du her (PDF, 459 kB).