Grunnskuleopplæring

Skulane i Norddal er jamt over godt utbygde og godt utstyrte. Kommunen har dessutan godt utdanna og engasjerte lærarar.
Foreldra har hovudansvaret for opplæringa og oppsedinga av barnet deira. Derfor er det viktig at kontakten mellom skulen/lærarane og foreldra er tett og konstruktiv.

Skulane sender kvar vår brev til føresette om innskriving av førsteklassingar, førskuledagar og skulestart 1. klasse.

Kommunen tilbyr skulefritidsordning for barn frå 1. - 4. klasse. Føresette får informasjon om dette ved innskrivinga.

Du finn mykje informasjon om skulane i høgre kant.

Skulerute 2016/2017 (PDF, 78 kB)

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 25.05.2016