Informasjon frå skulen til ikkje-sambuande foreldre

Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet sin skolegang frå skolen si side og har same retten til å delta på foreldremøte.

Dersom foreldra ikkje har felles foreldreansvar for barnet, har også den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, rett til informasjon om barnet sin skolegang, men berre dersom vedkomande spør skolen spesielt. Ein har i utgangspunktet ikkje rett til å delta på foreldremøte, men vil kunne delta dersom den som har foreldreansvaret, gjev sitt samtykke. Skolen kan likevel avtale eigne møte med den biologiske forelderen, men kan og velje å gje informasjonen skriftleg.

Du kan klage til Fylkesmannen på avslag om å få informasjon. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har gitt avslaget, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Rundskriv om informasjon til foreldre

Barnelova

Sist endra 09.05.2014
Artikkel (1)